OPUS/Vaksenopplæring

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com


Opus Hallingdal er det fylkeskommunale vaksenopplæringssenteret for Hallingdal, og er lokalisert på Gol vidaregåande skule. Me gjennomfører realkompetansevurderingar opp mot læreplanar i vidaregåande skole, legg til rette undervisningsopplegg for vaksne med rett til vidaregåande opplæring (vaksne som fyller 25 år i løpet av kalenderåret, og tidlegare ikkje har teke vidaregåande opplæring som har ført fram til fag/sveinebrev eller generell studiekompetanse). OPUS tilbyr og tilrettelegg også kurs for næringslivet i Hallingdal. 

Ynskjer du å vite meir, tar du kontakt med: 

OPUS Hallingdal
Gol Vidaregåande skule
3550 Gol
Tlf. 31 00 32 12
e-post: opus.hal...@bfk.no
Se også Buskerud Fylkeskommune sine heimesider.

Kva skjer når du tar kontakt
Etter at du har tatt kontakt med OPUS-senteret, sender me deg eit søknads/kartleggingsskjema, samt eit informasjonsskriv om realkompetansevurdering. Det er viktig at all tidlegare skolegang, arbeidserfaring og erfaring frå organisasjonsliv og liknande vert dokumentert gjennom kopiar av vitnemål, attestar og kursbevis. Med utgangspunkt i innsendt dokumentasjon vert det gjort eit enkeltvedtak på om du har rett eller ikkje rett til vidaregåande opplæring/realkompetansevurdering.  Dersom du har rett til vidaregåande utdanning/realkompetansevurdering, vert du innkalla til ei rettleiingssamtale der vidare framdrift vert planlagt. 

Krav og moglegheiter
Alle som ynskjer vidaregåande opplæring må ha fullført grunnskole. Minoritetsspråklege må i tillegg til grunnskule legge ved kopi av godkjend opphaldsløyve. Er grunnskolen frå heimlandet, må dei ha bestått norskprøve 3 både munnleg og skriftleg. Opplæringa skal ha som mål å føra fram til fag/sveinebrev eller generell studiekompetanse. 

Realkompetansevurdering
Realkompetansevurdering vil sei at den kompetansen ein vaksen person har tilegna seg gjennom arbeidsliv og livserfaring, blir vurdert opp mot fag/opplæringsløp i læreplanane for den vidaregåande skulen.  Kartlegging og innsendt dokumentasjon dannar grunnlag for vurderinga. En fagperson med god kunnskap i faget/læreplanen gjennomfører vurderinga, og kan dersom kandidaten har dei kunnskapane læreplanen krev, få godkjent fellesfag/programfag  og  i nokre tilfelle hele opplæringsløpet.  Tilbod om realkompetansevurdering vert gitt ein gong. 

Opplæringstilbod
I yrkesgrupper som høyrer heime under Helse- og sosialfag vert det ofte gitt tilbod om klasseundervisning.  Helsearbeidarfag (tidlegare hjelpepleiar) er eit slikt døme. I andre opplæringsløp vil ein få ein individuell opplæringsplan som tar utgangspunkt i gjennomført realkompetansevurdering. 

Personar som ikkje har vaksenrett
Personar utan vaksenrett kan og verta realkompetansevurdert, men må då dekkje utgiftene til vurderinga sjølve.  På same måte kan dei og få opplæring dersom utgiftene vert dekka av til dømes NAV eller arbeidsgjevar.  Vaksne utan rett vil kunne oppsøke OPUS for å få rettleiing utan at det medfører nokon kostnad.


Publisert 31. juli 2013, oppdatert 13. desember 2016.