Matematikk

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com

Har du fundert på kva som avgjer storleiken på ei jaktkvote? Eller kvifor det ikkje er same pris på forsikring av bil i Hallingdal og i Oslo? Eller korleis ein fallskjermjeger kan velje ein skjerm med riktig luftmotstand? Er du i tillegg glad i tal og logikk, så er matematikk faget for deg. Alle desse spørsmåla kan nemleg løysast ved hjelp av matematikk. Matematikk kan brukast til å skildre og finne orden i det som er rundt oss – frå kakebaking til konstruksjon av bruer.

I fyrsteklasse, i faget 1T, lærer me meir om enkelte tema frå ungdomstrinnet, bl.a. funksjonar, sannsynlegheitsrekning og algebra. Drøfting av funksjonar inneber til dømes å finne det me kallar den momentane veksten, eller den deriverte, av ein funksjon. Sannsynlegheitsrekning er eit viktig tema innanfor bl.a. forsikring, børsutvikling, arvelære, fysikk og medisin.

I tillegg lærer me om potensar, logaritmer og eksponentiell vekst, noko som t.d. kan brukast til å rekne ut korleis eit innskot i banken endrar seg frå år til år. Eit anna tema me skal bli kjent med, trigonometri, kan brukast til å rekne ut sider og vinklar i trekantar, noko som blir nytta i GPS.

I andreklasse, i faget R1, fortset me med meir avansert sannsynlegheitsrekning, algebra og drøfting av funksjonar. Vidare skal me lære å utføre matematiske bevis. I geometri skal me utføre og analysere meir avanserte konstruksjonar, med og utan bruk av data. Me skal òg rekne med vektorar i planet. Vektorar kan brukast til å illustrere både størrelse og retning, og blir difor brukt til å illustrere fart og retning. Dette gir oss moglegheit til å bl.a. rekne ut minste avstand mellom to båtar, eller om dei kolliderer.

I tredjeklasse, i faget R2, fortsett me med trigonometri og vektorar, men denne gongen med vektorar i rommet. Me skal lære om integrasjon og differensiallikningar. Ei differensiallikning er ei likning der den ukjente er ein funksjon, ikkje ein verdia av x. Dette kan ein fallskjermjeger som skal hoppe bruke til å velja ein skjerm med riktig luftmotstand. Til slutt lærer me om følgjer og rekkjer, og korleis dette blir brukt på sparing og lån.


Publisert 21. desember 2016, oppdatert 21. desember 2016.