Plan for verksemda

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com


Elevane skal trivast og oppleve meistring
TRYGGLEIK, INKLUDERING OG POSITIVE FORVENTNINGAR SKAL KJENNETEIKNE LÆRINGSMILJØET

Læraren skal vera tydeleg leiar i eit styrkebasert læringsmiljø

  • Skulestart skal ha særleg fokus på gode relasjonar mellom elev og lærar
  • Arbeid med læringsmiljøet i skal prioriterast gjennom skuleåret, og vi skal lære av det vi lukkast med


Opplæringa skal gi optimalt godt læringsutbytte for den enkelte elev

  • Opplæringa skal vera tilpassa og ta utgangspunkt i eleven sine styrkar
  • Vurderinga skal vera læringsfremjande og bygd på det eleven meistrar

MEDVERKNAD, MOTIVASJON OG ENGASJEMENT SKAL KJENNETEIKNE ELEVANE

Eleven skal ha reell innverknad på eiga opplæring

  • Tillitselevane skal vera aktive medspelarar i læringsfellesskapet 

Skulen skal ha eit godt fungerande elevdemokrati

  • Elevråd og skulemiljøutval skal samarbeide med leiinga for eit optimalt læringsfellesskap  


Dei tilsette er engasjerte og deler kompetanse og erfaringar
TRIVSEL, FLEKSIBILITET OG UTVIKLING SKAL KJENNETEIKNE ARBEIDSMILJØET

Dei tilsette på alle avdelingar skal ha evne og vilje til utvikling og erfaringsdeling

  • Dei tilsette skal ha god fagkompetanse og meistre digitale hjelpemiddel
  • Dei tilsette skal ha vilje og evne til utvikling, ha høge forventningar til kvarandre og dele dei gode erfaringane
  • Dei tilsette skal bruke resultata frå brukarundersøkjingar til å forbetre praksis
  • Skulen skal ha god mentorordning for nytilsette og gi høve til aktuell kompetanseutvikling


MEDVERKNAD, MOTIVASJON OG ENGASJEMENT SKAL KJENNETEIKNE DEI TILSETTE

Arbeidsplassen skal pregast av medverknad og fleksibilitet på alle nivå

  • Aktiv medverknad og gjensidig fleksibilitet skal fremje motivasjon og trivsel 

Alle tilsette skal få tilbakemelding på arbeidet sitt med vekt på det som fungerer godt, og høve til å påverke eigen arbeidssituasjon

  • Dei tilsette skal få tilbakemelding undervegs i arbeidet, og ha årleg medarbeidarsamtale med vekt på styrkar og konkrete utviklingsområde 


Elevar og tilsette har gode rammevilkår

Ressursforvalting og økonomistyring skal vera god

  • Skulen skal ha tilstrekkelege ressursar for å tilby god opplæring for elevane og gode vilkår for dei tilsette

Skulen skal ha moderne utstyr, vera funksjonell, fleksibel og ha tiltalande lokale og uteområde

  • Undervisningsromma skal ha moderne utstyr og gi rom for variert undervisning
  • Fellesområda inne og ute skal vera miljøskapande og tiltalande
  • Tilgang på gode kontor med moderne utstyr som lettar arbeidet
  • Tilrettelegging for trening og tilgang på utstyrt treningsrom

Publisert 31. juli 2013, oppdatert 6. august 2015.