Styringsdokumenter

Her finn du nokon av dei styringsdokumenta skulen har.

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com

Pedagogisk plattform for Gol vidaregåande skule


Kjenneteikn ved Gol vidaregåande skule
  • eit godt læringsmiljø med vekt på kunnskap, samarbeid, trivsel og tillit
  • eit godt læringsmiljø med vekt på motivasjon, inspirasjon, tryggheit og gjensidig respekt
  • eit godt fysisk miljø med vekt på estetikk
  • fleksibilitet i forhold til bruk av ressursar, organisering og arbeidstid
  • vekt på fagleg og fagdidaktisk kompetanseutvikling og bruk av IKT i læringsarbeidet
Lærarane ved Gol vgs. skal
  • ha høg fagleg og didaktisk kompetanse og utvikle denne i ulike praksisfellesskap
  • ha høg digital kompetanse og bruke IKT som pedagogisk hjelpemiddel i undervisninga
  • tilpasse opplæringa til den enkelte eleven ved å differensiere og variere arbeidsmetodar
  • motivere og rettleie elevane med vekt på elevane sine styrkar
  • vere tydelege leiarar for elevane
  • leggje til rette for elevmedverknad i læringsarbeidet
Elevane ved Gol vgs. skal
  • utvikle eit godt fagleg samarbeid og gode sosiale relasjonar
  • bli trygge og motiverte for læring 
  • planlegge eige læringsarbeid og utvikle gode læringsstrategiar
  • utvikle god digital kompetanse, og bruke IKT som verktøy i eiga læring
  • engasjere seg og ta ansvar både i individuelt arbeid og i samarbeid med andre
  • delta aktivt i læringsarbeidet i gruppa, klassen og heile skulesamfunnet
Leiinga ved Gol vgs. skal
  • leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av gjensidig respekt, trivsel, forpliktande samarbeid og fleksibilitet
  • utvikle skulen som lærande organisasjon ved å leggje vekt på kunnskapsspreiing, refleksjon og erfaringsutveksling i nettverk
  • leggje til rette for utvikling av fagleg og didaktisk kompetanse hjå den enkelte medarbeidar med fokus på medarbeidaren sine styrkar
  • leggje til rette for elevmedverknad gjennom formelle og uformelle kanalar
  • leggje fysisk og utstyrsmessig til rette for undervisning i tråd med krava i Kunnskapsløftet

Publisert 15. august 2012, oppdatert 14. oktober 2015.