Elev- og foreldremøte for VG2

Torsdag 23. januar kl. 18.30 - 21.30 er det elev- og foreldremøte for VG2 (2. klasse).

Eit godt samarbeid mellom heim og skule er viktig for at elevane skal trivast på skulen og ha god fagleg utvikling. Samarbeidet kan skje gjennom møter skulen inviterer til, og/eller ved at elev eller foreldre tek kontakt med skulen til andre tidspunkt. No er det tid for eit møte for Vg2-trinnet, og vi inviterer difor elevar og foreldre til møte og samtaler. 

TORSDAG 23. JANUAR KL 18.30 – 21.30

Fellesorientering ved rådgjevarane på skulen.
Informasjon om studie- og  yrkesorienteringa, og kvar ein kan finne meir informasjon om dette. Same orienteringa blir gjeven to gonger: kl 18.30 og kl 19.30 på personalrommet i 2. etasje. Orienteringa varer ca. 30 min.    

Individuelle samtaler med kontaktlærar, andre faglærarar, rådgjevarar og skuleleiinga.
De må setje dykk opp på listene til faglærar/kontaktlærar med klokkeslett. For at me skal vite kor mange som vil samtale med dei einskilde faglærarane, ber me om at de fyller ut slippen nederst i denne linken og leverer til kontaktlærar innan tysdag 14. januar 2020.

Det blir kaffe/te og høve til ein uformell prat på personalrommet i 2.etasje

 


Publisert 10. januar 2020, oppdatert 10. januar 2020.