Elev- og foreldremøte VG1 og VG2 torsdag 5. sept.

Møtet for Vg1 startar kl. 18.30 og for Vg2 kl. 19.30. Staden er midtsalen i Gol samfunnshus

Gol vidaregåande skule ynskjer å få til eit godt samarbeid mellom skule og heim. Foreldre og føresette ser me på som svært viktige støttespelarar i arbeidet med å skape vekst og utvikling hjå elevane. Me inviterer difor til eit elev- og foreldremøte for Vg1 (kl. 18.30) og Vg2 (kl. 19.30).

Program Vg1

Fellesprogram:
• Velkomst v/rektor
• Presentasjon av leiinga og rådgjevartenesta v/rektor og rådgjevar

Klassevis orientering v/ kontaktlærar:
• Årsplanar og planar i dei einskilde faga
• Læringsmiljø
• Elevmedverknad
• Elevsamtale og fagsamtale
• Fråvær
Det vert ikkje høve til å møte faglærarane på Vg1 på dette første møtet. Det vert det derimot høve til tidlig i desember.


Program Vg2

• Velkomst  v/rektor
• Presentasjon av leiinga og rådgjevartenesta v/rektor og rådgjevar
• Fråværsreglar
• Informasjonskanalar for elevar og føresette ved hjelp av Internett
• Årsplanar og planar i dei einskilde faga
• Eksamen / vitnemål
• Karriere   -   vegen vidare
• Val av programfag  (gjeld studiespesialisering)

Det vert ikkje høve til å møte kontaktlærarar og faglærarar på Vg2 på dette første møtet. Det vert det høve til over nyttår.

 


Publisert 27. august 2019, oppdatert 27. august 2019.