Digital heimeundervisning . oppdatert informasjon

Vi har fått mange positive tilbakemeldingar på digital heimeundervisning, så håpar det går greit rundt omkring. Viken fylkeskommune har bestemt at dei vidaregåande skulane skal vere stengt fram til påske på grunn av koronaviruset.

Her kjem nokre viktige punkt elevane må hugse på i samband med heimeundervisninga, oppdatert 23. mars:

  • Jobb med faga i samsvar med timeplanen! Det betyr at du går inn på faget i it's learning når timen startar, eventuelt annan digital læringsarena (OneNote, Skype, Teams, m.m.) etter avtale med faglærar. Du jobbar så med det undervisningsopplegget som læraren har lagt ut. Vær flink til å kommunisere med læraren din i dei ulike faga! I utgangspunktet er læraren tilgjengeleg i fagets undervisningstid om ikkje anna er avtala.
  • Det kan vere kapasitetsproblem på digitale læringsarenaer på dagtid, så det kan vere lurt å tidleg skaffe seg oversikt over kva du skal jobbe med.
  • Du skal bruke like mykje tid på skulearbeidet som normalt! Gje beskjed til læraren om det blir for lite eller for mykje å gjere.
  • Det er viktig at du som elev deltek aktivt i heimeundervisninga og leverer avtalt arbeid, slik at du sikrar deg eit best mogleg vurderingsgrunnlag. For at lærarane skal ha karaktergrunnlag er deltaking og innlevering av oppgåver viktig. Manglande vurderingsgrunnlag kan medføre at du ikkje får standpunktvurdering.
  • I klassens time tysdagar kl. 13.40 - 14.05 er det obligatorisk Teams-møte med kontaktlærar og reisten av klassen. 
  • Dersom du er sjuk og ikkje kan følgje den digitale opplæringa, må du eller dine føresette sende beskjed til kontaktlærar. Du må samstundes registrere sjukefråværet i SkoleArena.
  • Prøver og større innleveringar skal stå på årsplanen. Per 22.03 ser den slik ut: Årsplan våren 2020. Denne vert stadig endra, så gå inn via it's learning for å vere sikker på at du ser på siste versjonen. 
  • Ved behov for IKT-support, send e-post til brukerhjelp @viken.no, eller telefon til 69 11 76 00. Du kan også kontakte vårt lokale IKT-kontor på Gol vgs. på tlf. 31 00 32 32.
  • Har du spørsmål, eller treng du nokon å prate med? Last ned Appen "Elevtjenesten", https://www.elevtjenesten.no/ Her kan du få kontakt med helsesjukepleiar og andre i skulehelsetenesta. Du kan også kontakte våre rådgjevarar på it's learning og på mobil i skuletida (Anita: tlf. 90168889,  Ingrid Marie: tlf. 48290656)
  • Ta kontakt på telefon 31 00 32 00 om du eller dine føresette har spørsmål



Publisert 22. mars 2020, oppdatert 22. mars 2020.