Operasjon Dagsverk 2018

Elevar ved Gol vgs. har Operasjon Dagsverk fredag 2. november. Årets aksjon støttar palestinsk ungdom sin innsats for ei betre framtid.

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com

OD 2018 støttar palestinsk ungdom sin innsats for ei betre fremtid. Ungdom i Palestina betaler prisen for ein konflikt dei ikkje var med på å starte, og er lei av å høyre at det ikkje finnes løysing. Ein treng ikkje velje side for å vere einig om at alle ungdommar fortener sine grunnleggjande menneskerettar innfridd, uansett kvar dei kjem frå. Gjennom OD 2018 kan elevar ved norske skular lære meir om konflikten, og bidra til at 10 000 ungdommar kan ta kontroll over si eiga framtid og vere med på å skape fred.

Det er frivillig å delta. Dei elevane som ikkje skal vere med møter på skulen denne fredagen for eige opplegg. Minstesummen for ein dags arbeid er 400 kr. All betaling foregår digitalt (www.betale.od.no). Frist for betaling er 14. november.

Meir informasjon om årets OD finn du her.

   

 

  


Publisert 21. oktober 2018, oppdatert 21. oktober 2018.