Lærar i norsk

Gol vidaregåande skule har frå 01.01.2019 ledig 100% fast stilling med undervisning i norsk.

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com

Ledig stilling:

Skulen har frå 01.01.2019 ledig ein fast 100% stilling med undervisning i norsk.


Kvalifikasjonar:

Det er krav om relevant fagleg og pedagogisk utdanning. I tillegg til norsk er det ønskjeleg med kompetanse innan eitt eller fleire av desse fagområda: kultur/kommunikasjon, religion, samfunnsfag. Vidare er det ønskjeleg med undervisningserfaring av nyare dato.

Den som blir tilsett må forplikte seg til å arbeide etter prinsippa i skulen sin pedagogiske plattform. Skulen nyttar digital læringsplattform, og søkjarar må beherske IKT både som undervisnings- og arbeidsverkty.


Me søkjer:

Me søkjer en medarbeider som vil medverke til eit trygt og godt læringsmiljø, som kommuniserer godt og har fokus på det eleven meistrar. Den som blir tilsett må ha evne og vilje til samarbeid og erfaringsdeling. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.


Tilsetjing:

Lønn og tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Ved tilsetjing skal det leggjast fram gyldig politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova.


Anna:

Me gjer merksam på at søkjarar kan bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle blir søkjar varsla og får mulighet til å trekkje søknaden.
Aktuelle kandidatar blir kontakta for intervju. Til intervjuet ber vi deg ta med bekrefta kopiar av vitnemål og attestar/originale dokument.
Ein tek atterhald om endringer i tilsetjingsbehovet fram til tilsetjing skjer.
Vi ønskjer mangfald i fylkeskommunen og oppfordrar alle kvalifiserte til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller nasjonalitet.

Du søkjer elektronisk på denne stillinga: Søk på stilling

Søknadsfrist er 6. desember 2018


Om skulen:

Gol vidaregåande skule ligg i Hallingdal, midt mellom Oslo og Bergen. Skulen har omlag 350 elevar og 60 tilsette fordelt på følgjande utdanningsprogram: studiespesialisering, idrett, musikk, dans og drama, medium og kommunikasjon, restaurant- og matfag.
Gol kommune er ein av landets største reiselivskommunar. Her ligg alt til rette for eit aktivt friluftsliv, både sommar og vinter.


Publisert 23. november 2018, oppdatert 23. november 2018.