Foreldremøte - Gol kommune

Gol kommune kallar inn til foreldremøte i Bjørnehallen på Pers Hotell, måndag 29. april kl. 20. Foreldremøtet er fyrst og fremst retta mot golingsforeldre som har elevar f.o.m. 5. trinn t.o.m. VG1.

Hendingar i barne- og ungdomsmiljøet i Gol dei siste vekene har ført til auka bekymring  for ungdomsmiljøet i Gol. Det gjeld forhold som rus, vald og kriminalitet. Vi kallar difor inn til eit foreldremøte for foreldre frå og med 5. trinn.

Eit samla fagmiljø i Gol kommune er samde om at eit felles møte vil kunne styrke foreldra og førebyggje ei vidare negativ utvikling. Vi ynskjer å gje foreldra informasjon om kva som skjer, kva som rører seg og kva ein skal sjå etter, kva som kan blir konsekvensane og kvar ein kan vende seg, dersom ein blir bekymra. 

Grunnene til at vi går ut til ei så brei foreldregruppe, er at det blir observert at stadig yngjer born er involvert. Førebygging handlar om  å vera i forkant, og difor blir også foreldre for born frå og med 5. trinn innkalla.

De viktigaste førebyggjande tiltaket i høve til uheldig ungdomsadferd er tilstrekkeleg informasjon og foreldrenettverk. Det ynskjer vi å bidra til med dette møtet.

Møtet blir i Bjørnehallen på Pers Hotell, måndag 29. april kl. 20.00

Ulike fagpersonar som er i kontakt med ungdom og/eller har spesiell kompetanse om ungdom i risiko, samt førebyggjande arbeid – vil ha innlegg Det blir høve til å stille fagpersonane spørsmål.

Fokus vil vera på ungdomsmiljøet, observasjonar, utfordringar og bekymringar. Det vil bli gitt informasjon om ungdom og rus og vi vil ha fokus på kva de foreldre kan gjere og korleis og kvar de kan vende dykk for å få hjelp, dersom de er bekymra.

Vi håpar så mange som råd har høve til å sette av ein vårkveld til beste for born og unge – med mål om å skape ei tryggare ramme for dei som betyr mest for oss!

 

 

Helsing

Tverrfagleg Oppvekstgruppe i Gol:

-Midtre Hallingdal Lensmannskontor

-Gol Skule

-SLT koordinator i Hallingdal

-Kulturkontoret

-NAV Gol, ungdomskontakten

-Psykisk Helse

-Hallingdal Barnevernteneste

-Gol Helsestasjon

-Oppfylgingstenesta

-Gol barnehage

-Gol vidaregåande skule

-Friskliv

  

  


Publisert 25. april 2019, oppdatert 25. april 2019.