Elev- og foreldresamtaler VG1

Onsdag 5. desember og torsdag 6. desember kl. 18.00 - 21.30 er det elev- og foreldresamtale for VG1 (1. klasse).

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com

Alle vil få høve til samtale med kontaktlærar og faglærarar. Me ber difor om at de melder ifrå om de kjem eller ikkje. Fyll ut slippen nederst i denne linken og lever til kontaktlærar. Ramma for foreldresamtalene er mellom kl 18.00 og 21.30. De vil, når me har fått beskjed om kor mange som kjem, bli sett opp på ei fast tid med kontaktlærar. Denne tidsoversikta vil de få i starten av veke 49. Gje beskjed om de ønskjer å koma tidleg eller seint, så vil me prøve å tilpasse dette. Dersom de ønskjer å byte møtetid seinare, må de byte innbyrdes. Me oppfordrar dykk sterkt til også å ta kontakt med faglærarar, og me vil gjerne ha melding om kven de ønskjer å prate med. 

Me vil servere kaffi/te og frukt på personalrommet. De vil der kunne få ei uformell samtale med andre foreldre, leiinga og rådgjevarane.

Dersom det skulle vera nokon faglærarar de ikkje får snakka med, ber me om at de tek kontakt med skulen seinare, slik at me kan få organisert dette på eit anna tidspunkt. 

Foreldra til elevar i 1STA, 1STB og 1STC vil få ein generell informasjon om val av programfag kl 18.00 og kl 19.30 i KANTINA.

Me vil også gjerne snakke med foreldre som har elevar med planer om å reise til utlandet etter Vg1. Dette vert kl. 19.00 i kantina og gjeld elevar frå studieførebuande programområde  (ST, ID og MUA).

 


Publisert 23. november 2018, oppdatert 23. november 2018.