Elev- og foreldremøte for VG2

Onsdag 23. januar kl. 18.30 - 21.30 er det elev- og foreldremøte for VG2 (2. klasse).

Eit godt samarbeid mellom heim og skule er viktig for at elevane skal trivast på skulen og ha god fagleg utvikling. Samarbeidet kan skje gjennom møter skulen inviterer til, og/eller ved at elev eller foreldre tek kontakt med skulen til andre tidspunkt. No er det tid for eit møte for Vg2-trinnet, og vi inviterer difor elevar og foreldre til møte og samtaler. 

ONSDAG 23. JANUAR KL 18.30 – 21.30

Fellesorientering ved rådgjevarane på skulen.
Informasjon om studie- og  yrkesorienteringa, og kvar ein kan finne meir informasjon om dette. Same orienteringa blir gjeven to gonger: kl 18.30 og kl 19.30 på personalrommet i 2. etasje. Orienteringa varer ca. 30 min.    

Individuelle samtaler med kontaktlærar, andre faglærarar, rådgjevarar og skuleleiinga.
De må setje dykk opp på listene til faglærar/kontaktlærar  med  klokkeslett. For at me skal vite kor mange som vil samtale med dei einskilde faglærarane, ber me om at de fyller ut slippen nederst i denne linken og lever til kontaktlærar innan tysdag 15. januar 2019.

Det blir kaffe/te og høve til ein uformell prat på personalrommet i 2.etasje.



Publisert 9. januar 2019, oppdatert 9. januar 2019.