Elev- og foreldremøte Vg1 og Vg2 onsdag 31. august

Møtet for Vg1 startar kl. 18.30 og for Vg2 kl. 19.30. Staden er midtsalen i Gol samfunnshus

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com

Gol vidaregåande skule ynskjer å få til eit godt samarbeid mellom skule og heim. Foreldre og føresette ser me på som svært viktige støttespelarar i arbeidet med å skape vekst og utvikling hjå elevane. Me inviterer difor til eit elev- og foreldremøte for Vg1 (kl. 18.30) og Vg2 (kl. 19.30).
Program Vg1
Fellesprogram:
• Velkomst v/rektor
• Presentasjon av leiinga og rådgjevartenesta v/rektor og rådgjevar
• Informasjon om nye fråværsreglar

Klassevis orientering v/ kontaktlærar:
• Årsplanar og planar i dei einskilde faga
• Læringsmiljø – klassereglar
• Elevmedverknad
• Elevsamtale og fagsamtale
• Fråvær

Det vert ikkje høve til å møte faglærarane på Vg1 på dette første møtet. Det vert det derimot høve til tidlig i desember.

Program Vg2
• Velkomst  v/rektor
• Presentasjon av leiinga og rådgjevartenesta v/rektor og rådgjevar
• Informasjon om nye fråværsreglar
• Informasjonskanalar for elevar og føresette ved hjelp av Internett
• Årsplanar og planar i dei einskilde faga
• Eksamen / vitnemål
• Karriere   -   vegen vidare
• Undervegsvurdering
• Val av programfag  (gjeld studiespesialisering)

Det vert ikkje høve til å møte kontaktlærarar og faglærarar på Vg2 på dette første møtet. Det vert det høve til over nyttår.


Publisert 30. august 2016, oppdatert 30. august 2016.