Elevundersøkinga hausten 2013

Føremålet med Elevundersøkinga er at du skal kunne påverke di opplæring på skolen

I løpet av veke 42, 43, 44 og 45 skal alle elevar ved Gol vidaregåande skule være med på Elevundersøkinga. Føremålet med Elevundersøkinga er at du skal kunne påverke di opplæring på skolen, og seie di meining om forhold som er viktige for å lære og for å trivast. Du vil få spørsmål om motivasjon, trivsel, mobbing, elevmedverknad og elevdemokrati . Den informasjonen elevane kjem med, skal inngå i vurderingsarbeidet på skolane. For at undersøkinga skal medverke til kvalitetsutvikling av skolen, må ein arbeide vidare med resultata frå undersøkinga, og skoleleiinga må følgje dei opp i samarbeid med elevrådet og lærarane. Sjå også her.


Publisert 16. oktober 2013, oppdatert 16. oktober 2013.