Elev- og foreldremøte Vg1 og Vg2 tysdag 3. september

Møte for Vg1 startar kl. 18.30 og for Vg2 kl. 19.30. Staden er midtsalen i Gol samfunnshus


Gol vidaregåande skule ynskjer å få til eit godt samarbeid mellom skule og heim. Foreldre og føresette ser me på som svært viktige støttespelarar i arbeidet med å skape vekst og utvikling hjå elevane. Me inviterer difor til eit elev- og foreldremøte for Vg1 (kl. 18.30) og Vg2 (kl. 19.30).

Program Vg1
Fellesprogram:

Velkomst v/rektor
Presentasjon av leiinga og rådgjevartenesta v/rektor og rådgjevar

Klassevis orientering v/ kontaktlærar:
Årsplanar og planar i dei einskilde faga
Læringsmiljø – klassereglar
Elevmedverknad
Elevsamtale og fagsamtale
Fråvær

Det vert ikkje høve til å møte faglærarane på dette første møtet. Det vert det derimot høve til i november.

Program Vg2
Velkomst  v/rektor
Presentasjon av leiinga og rådgjevartenesta v/rektor og rådgjevar
Informasjonskanalar for elevar og føresette ved hjelp av Internett
Årsplanar og planar i dei einskilde faga
Eksamen / vitnemål
Karriere   -   vegen vidare
Undervegsvurdering
Val av programfag  (gjeld studiespesialisering)

Det vert ikkje høve til å møte kontaktlærarar og faglærarar på dette første møtet. Det vert det høve til over nyttår når halvårskarakterane er fastsett. 


Publisert 29. august 2013, oppdatert 29. august 2013.