Praktisk informasjon


Elevskåp
Alle elevar får tildelt elevskåp.
Store elevskåp kan "leigast" av dei som bur på hybel. Elevskåp i vestibylen på
Gol samf.hus er reservert til idrettsklassane. 

Busskort
Ordninga med fri skuleskyss gjeld for alle elevar som bur meir enn 6 km frå skulen. Bur du på hybel nærare enn 6 km frå skulen, gjeld ikkje ordninga.
Nytt system - elektronisk søknad av busskort; blir gjennomgått fyrste skuledag.
Kva om eg mistar busskortet, eller det blir øydelagt?
NB! Ta godt vare på kortet du har fått! Dersom du mistar eller øydelegg kortet, må du betale kr 250,- i gebyr for å få utlevert eit nytt. Tap av busskort må meldast frå til skulen. Inntil du får nytt kort, må du sjølv dekkje reiseutgiftene.
 

Elevkort/ ID-kort
I løpet av dei første vekene etter skulestart vil det bli felles fotografering av elevane.
Deretter kan ID-kortet lastes ned til mobiltlf via app "Its me id".

Kopiering
Kopiering og utskrifter føregår på kopierings- og utskriftsmaskina som står plassert i gangen utanfor ekspedisjonen.

Søknad om stipend/ lån
Søknad om stipend/lån gjør du hos Lånekassa, lanekassen.no  
OBS: Søknadsfrist er 15.november.

Parkering
Parkeringsplassar med motorvarmarar er reserverte for tilsette ved skulen.
Elevar må difor ikkje bruke desse plassane, men parkere lengst borte på plassen mot tennisbanen.
Parkeringsplassar ved samfunnshuset er for besøkjande til biblioteket og samfunnshuset, og skal difor ikkje brukast av våre tilsette/elevar.

Romoversikt
Her finner du oversikt over hvor de ulike rommene er på skolen

Underetasje      1. etasje           2. etasje 


Publisert 31. juli 2013, oppdatert 15. oktober 2019.