Foreldremøter

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com

Gol vidaregåande skule ynskjer å få til eit godt samarbeid mellom skule og heim. Foreldre og føresette ser me på som svært viktige støttespelarar i arbeidet med å skape vekst og utvikling hjå elevane. Det arrangerast foreldremøte for Vg1 og Vg2 i byrjinga av skuleåret, sjå innhald under. I tillegg blir det høve til å møte kontaktlærar og faglærarar seinare i året.

Program Vg1
Fellesprogram:
• Velkomst v/rektor
• Presentasjon av leiinga og rådgjevartenesta v/rektor og rådgjevar

Klassevis orientering v/ kontaktlærar:
• Årsplanar og planar i dei einskilde faga
• Læringsmiljø – klassereglar
• Elevmedverknad
• Elevsamtale og fagsamtale
• Fråvær

Det vert ikkje høve til å møte faglærarane på dette første møtet. Det vert det derimot høve til i desember.

Program Vg2
• Velkomst  v/rektor
• Presentasjon av leiinga og rådgjevartenesta v/rektor og rådgjevar
• Informasjonskanalar for elevar og føresette ved hjelp av Internett (sjå presentasjon)
• Årsplanar og planar i dei einskilde faga
• Eksamen / vitnemål (sjå presentasjon)
• Karriere   -   vegen vidare
• Undervegsvurdering
• Val av programfag  (gjeld studiespesialisering) (sjå presentasjon)

Det vert ikkje høve til å møte kontaktlærarar og faglærarar på dette første møtet. Det vert det høve til over nyttår når halvårskarakterane er fastsett. 


Publisert 9. september 2015, oppdatert 30. mai 2017.