Skolehelsetjenesten

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com


Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane på skulen. Det omfattar helsesøster, lege og fysioterapeut.

Du kan koma med fysiske, psykiske eller sosiale problem. Skulehelsetenesta gir råd og rettleiing, og kan ved behov vise vidare.

Her er nokre døme på kva vi veit fleire strir med: fysiske plager, vanskelege heimeforhold, rusproblem, depresjon/angst, vald, spiseforstyrringar, misbruk, spørsmål i samband med prevensjon og kjønnssjukdommar.

Helsesøster formidlar kontakt med lege og fysioterapeut. Helsetenesta har teieplikt og er gratis.

Fleire kommunar har eigen helsestasjon for ungdom. Nærare opplysningar får du i heimekommunen din.

Gol helsestasjon har telefonnummer 32 02 92 15 eller 905 95 453


Publisert 13. september 2012, oppdatert 13. mars 2017.