Pedagogisk-psykologisk tjeneste og oppfølgingstjenesten

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com


PP-tenesta

Alle elevar i vidaregåande skule har tilgang til PPT. PP-tenesta kan gi råd og rettleiing dersom du har fagvanskar, problem på skulen eller personlege problem. Dersom problema dine er av ein slik art at du treng hjelp utanom skuletida, kan du også kontakte PPT.

Der arbeidar fagfolk med ulik utdanning og erfaring: psykolog, spesialpedagog og sosionom.

PPT kan formidle kontakt med f.eks. helse- og sosialtenesta dersom det er naudsynt.

Oppfølgingstenesta

Oppfølgingstenesta skal hjelpe ungdom mellom 16-19 år som ikkje går i vidaregåande skule eller som avbryt slik opplæring. OT har som siktemål å motivere og førebu ungdom til å gjennomføre opplæring i skule eller bedrift. OT har mange samarbeidspartnar og har eit nært samarbeid med arbeidskontoret. OT kan også hjelpe til med opplæringsorientert rettleiing og yrkesrettleiing.

Elevar kan ta direkte kontakt med OT og PPT, eller kontakt kan gå gjennom kontaktlærar, rådgjevar eller spesialpedagog. Tenesta er gratis og dei som arbeidar der har teiingsplikt.

Lokalar på Gol skysstasjon. Telefonnummer er 32 02 95 20. 









Publisert 13. september 2012, oppdatert 10. mai 2015.